Åpent Fjøs på Torvastad

Åpent Fjøs på Torvastad

På laurdag 24. februar vart det arrangert åpent fjøs hjå Elisabeth og Åge Roald Hausken på Karmøy. Det møtte fram 160 sauebønder og andre som ville sjå og feira opninga av det nye fjøset.

Bøndene sjølve var godt forberedt og haldt innlegg om korleis framdrifta hadde vore frå første tanke om nytt fjøs og fram til dyra vart sett inn i bygget.

Onkel til Åge Roald og førverande bonde på garden klypte snora!

Sidan Felleskjøpet Rogaland Agder er ein totalleverandør til landbruket synte vi heile breidda i firmaet her denne dagen.

Svein Magne Sjøen og Gunnar Klaussen frå traktor/redskapavd. synte fram John Deere 5R, Fliegl gjødselvogn og Avant. Det var populært å prøvekøyra desse maskinene.
Sverre Vanvik representerte kraftfôravd. og tok seg av den faglege delen ang fôr og tilskuddsfôr til småfè.

Geir Kyllingstad frå Tks og Svein Egil Tegle frå Tegle var med frå leverandørsida.

Produktkonsulent i Felleskjøpet, Inge Farestveit var og til stades og orienterte om produkta. Det var mange som brukte god tid og fekk muligheten til å diskutera løysingar og sjå nøye på dei nye produkta.

Takk for eit fantastisk samarbeid og ein vellukka dag på Torvastad!

Publisert 26. februar 2018 - Olav Hjetland Bringedal

 

Verktøylinje

Kontakt oss på driftsbygninger

Ønsker du tilbud eller informasjon om våre produkter og tjenester ta kontakt.





    Personopplysningene samles inn når du sender inn dette kontaktskjemaet. Informasjon lagres i en kundedatabase. Innsendte skjema slettes regelmessig.

    Personvernpolicy | firmapost@fkra.no

    Besøksadresse: Sandvikvn. 21, Stavanger     Adresse: Postboks 208 Sentrum, 4001 Stavanger     Tlf: 51 88 70 00     E-post: firmapost@fkra.no    Org.nr: NO915442552MVA - Kundesenter: 994 30 640