Konsekvensen av å føre inn uønska sjukdommar er så stor at me måtte legga strengaste krav til grunn for leverandørane. Denne arbeidsmåten er ikkje ulikt risikoanalysen som FKRA legg til grunn for innkjøp av råvarer til kraftfôrproduksjonen.
Halmen kjem frå bønder i Danmark som har hausta det på eigen åker. Frøhøyet er frå frødyrkarar som følger strenge forskrifter for å sikra at det ikkje fins floghavre i åkeren. Lusernehøyet blir levert av store produsentar frå Italia og Spania. Po-deltaet i Italia har lenge hatt stor eksport av lusernehøy. I Zaragoza har spanske bønder gått saman og investert i store og effektive fabrikkar som skånsamt tørkar høyet og sorterer kvaliteten etter proteininnhald og struktur. All lusernehøy som FKRA sel, er tørka i lukka anlegg med rein luft, ikkje soltørka på bakken med fare for smitte frå smådyr eller fugleskit. Ingen bruker husdyrgjødsel i produksjonen av luserne.
Alle som kjøper grovfôr frå FKRA, kan vera trygge på at kvaliteten er den beste og tryggaste som er råd å få tak i.
Husdyrnæringa, fôrbransjen, Veterinærinstituttet og Mattilsynet har samarbeida om å lage ei rettleiing for dei som må kjøpe importert grovfôr på grunn av tørken i sommar. Det er også laga ei rettleiing for importører.
Se veileder for kjøpere og importører av grovfôr
Publisert 22. oktober 2018 - Geir Inge Auklend