Søk

Du er her:

Hest foring - felleskjøpet

Hjelp til å vurdere grovfôrkvaliteten til hest

Grovfôr er det viktigaste fôrmidlet til hest. Gras er viktigaste av Norsk grovfôr. Gras består av tørrstoff og vatn. Når tørrstoff % auker er graset tørka. For å få det ein kalla lagringstørt høy må TS vera over 85 %.

Alle næringsstoffa er i tørrstoffet. Tørrstoffprosenten har difor stor betydning for kor mange kg grovfôr hesten får i ein rasjon.

  • 10 kg fôr med 20 % TS (rått gras eller surfôr) gir 2 kg TS og 8 kg vatn.
  • 10 kg fôr med 50 % TS (fortørka ensilasje) gir 5 kg TS og 5kg vatn.
  • 10 kg fôr med 85 % TS ( høy) gir 8,5 kg TS og 1,5 kg vatn.

Protein

Gjødslingsmengde, haustetidspunkt i forhold til grasplanten si utvikling og botanisk utval påvirker proteininnhaldet i grovfôret. Godt gjødsla enggras som er tidleg hausta gir høge proteinverdier. Medan dårleg gjødsla ”villgras” som er slått etter blomstring gir svært lågt proteininnhald.

Proteintrongen er høgast til unghest, drektige hopper og hopper som mjølker. Medan ein vaksen hest treng ca 80 gram fordøyelig råprotein pr. FEh.  Hesten kan ikkje nyttiggjera seg alt proteinet i fôret, ein tek difor utgangspunkt i fordøyeleg råprotein.

Proteininnhald i grovfôr:

Proteininnhold i grovfôr Verdi  
Svært høgt < 115 Gram ford. Råprotein per kg TS
Høgt 91 - 115 Gram ford. Råprotein per kg TS
Middels 66- 90 Gram ford. Råprotein per kg TS
Lågt 40 - 65 Gram ford. Råprotein per kg TS
Svært lågt < 40 Gram ford. Råprotein per kg TS


NDF ( Nautral detergent fiber)

Analysemetoden for fiber kaller vi NDF, tidlegare trevler. Rundt 60% av TS i vanleg høy er NDF. Vi ynskjer mykje fiber i fôret til hest for å oppnå best mulig fordøyelse. Det er hovud grunnen til at vi hauster gras til hest på eit seinare tidspunkt enn t.d. surfôr til ku.

Til hest er eit NDF innhald på 55 – 65 % å føretrekka.


FEh

Fôreining Hest er måleeininga for energikonsentrasjonen pr. kg TS. Det er den som bestemmer kvalitetsklassen på fôret. H1 er beste kvalitet medan H 5 er lite egna til hestafôr

Eksempel

Ein hest skal ha 4 fôreining hest (FEh) frå grovfôr der energiinnhaldet er 0,62 FEh pr.kg TS

I kg TS treng hesten: 4 FEh / 0,62 FEh =    6,45 kg TS.
Høy (85 % TS)  6,45 kg  TS/0,85 =    7,5 kg fôr.
Fortørka ensilasje  (50% TS)   6,45 kg  TS/0,50 =  12,5 kg fôr.
 

Mineraler

Mineral Verdi  
Kalsium 2,5 - 5,0 Gram per kg fôr
Fosfor 1,5 - 2,5 Gram per kg fôr
Magnesium 0,6 - 3,0 Gram per kg fôr
Kopper 4 - 10 Mg per kg fôr
Sink 15 -50 Mg per kg fôr


Gjæringskvalitet

Gjæringskvalitet fortel om gjæringsprosessen i surfôr har vore vellukka. Ved grasballer som har TS over 45 % vert det ikkje gjæring.

Verktøylinje

Vi kan hest!

Som eneste kraftfôrleverandør tilbyr vi oppsett av fôrplan, faglig råd og veiledning innen hestefaget.

Felleskjøpets fagpersoner på hest er direkte involvert i produktutvikling og produksjon av våre Champion produkter.
I tillegg har vi et internasjonalt nettverk som sørger for av vi til enhver tid har riktige produkter å tilby våre hestekunder.

Felleskjøpet Rogaland Agder utfører analyser av grovfôr til hest på vårt laboratorium i Stavanger. Næringsverdiene i grovfôret hjelper deg til å velge det riktige kraftfôret til din hest.

I Felleskjøpet Rogaland Agder, med kontorsted i Stavanger, er Marte Johannessen vår fagkonsulent på hest.
Har du spørsmål angående hest eller ønsker en skreddersydd fôrplan til din hest, ta gjerne kontakt med Marte.

Marte Johnnessen

Marte Johannessen
Salgskonsulent Storfe og Hest


Tlf: 980 76 184
E-post: marte.johannessen@fkra.no

 

Besøksadresse: Sandvikvn. 21, Stavanger     Adresse: Postboks 208 Sentrum, 4001 Stavanger     Tlf: 51 88 70 00     E-post: firmapost@fkra.no    Org.nr: NO915442552MVA - Kundesenter: 994 30 640