Det blei lansert 2 modellar, men på grunn av miljøkrav er det berre 860i som er aktuell for den norske marknaden.
Dei fysiske måla for 860i er 1,5 m bredde, 3,4 m lengde og 2,2 m høgde. Den vil som grunnmodell ha ei vekt på 2500kg. Løftehøgda er 3,5 meter og løftekapasiteten 1900 kg, med ein toppfart på 30 km/t.
Teleskopbommen gjer at ein for eksempel kan lasta av pallar frå ein lastebil utan at ein må lasta av frå begge sider av lasteplanen. Reiskapsfeste er standard Avantfeste, noko som gjer at maskinen kan brukast saman med dei fleste reiskapa frå Avant. I tillegg kan 800 serien utstyrast med ein adapter slik at den også kan bruka utstyr med Eurokopling.
Maskinen har veltebøyle med tak som standard, DLX avdempa hytte er tilleggsutstyr.
800 serien blir for fyrste gong vist for publikum i april på Bauma, anleggsutstillinga i Tyskland. Avant finn du på stand FN.1020/5. Produksjonstart er planlagt til hausten 2019.
Kontakt din lokale salgskonsulent for meir informasjon
Publisert 19. januar 2019 - Gaute Risdal