Formel Sau ekstra erstatter derfor FK Sau 3 pluss i 2020 sesongen.
Formel Sau Ekstra kan no brukast utan å bruke tilskotsfôr før lamming til søyer som er lyst og som har tre eller fleire foster. Forsøk i inn- og utland- har synt at unge søyer med trillingar og fleire som får ekstra e-vitamin, som det Formel Sau Ekstra no har, mistar færre lam under lemming. Den store produksjonen av foster krev mykje av søyas oksidative forsvar, der mellom anna E-vitamin og selen inngår .Denne typen antioksidanter vert rekna som den viktigaste i kroppen sin eigen produksjon av antioksidant.
I dei seinare åra har det kome artiklar som syner at mangel på metionin reduserer nivået av viktige antioksidanter hjå kyr i seindrektigheit, og at mange parameter knytt til det antioksidative systemet og dermed immunsystemet vert betra ved tilskot av nok metionin.
Artiklar frå fleire land syner at metionin har same positive verknad på sau som det òg har på ku. Det har lenge vore kjent at svovelhaldige aminosyrer, som det methionin er også er viktig for ullproduksjon hjå sau.
Ønsker du meir info: Ta kontakt med Undheim Ådne, tlf 907 62 714
Publisert 27. januar 2020 - Ådne Undheim