Ola Bekken - Godt nøgd

God avslutning på 2010

Året som gjekk, blei spennande og vekslande. For kjerneverksemda låg salet lenge i underkant av det vi hadde venta, men ein svært god desember retta opp. Ola Bekken, administrerande direktør i Felleskjøpet Rogaland Agder, oppsummerer på denne måten året 2010.

At vi også like før jul fekk ein avtale som gjer at avsetnaden på alle erteprodukta frå Agrimarin Nutrition AS er sikra, gjer at vi er rimeleg godt nøgde. Som dei fleste åra blei det eit år med positive hendingar, men også med hendingar som utfordrar.

Tonnvarer som venta
 Vi har til ei kvar tid mykje merksemd retta mot korn- og kraftfôrkvaliteten. Kraftfôrsalet blei det nest høgaste vi har hatt noko år, bare 2008 var høgare. Vi enda på 332 000 tonn samla, mot 326 000 tonn i 2009. Format gav ein auke på 6,4 %, Formel ein auke på nær 1 % og Kromat ein nedgang på nær 3 %. Det er for tidleg å seia noko om endringar i marknadsandelar, men endringane er i alle høve ikkje store, seier Bekken.
- Eg vil her spesielt trekkja fram det særs gode arbeidet som blir gjort ved kraftfôrfabrikken på Kvalaberg for å auka produktiviteten. Med god planlegging og styring, og med ein entusiasme der det har gått sport i stadig å betra effektiviteten, er det oppnådd svært gode resultat, held han fram.
- Gjødselsalet blei også i 2010 prega av prisuro, og uvisse om kva tid ein skal kjøpa inn gjødsla. Svært godt sal i desember gjorde at vi kom opp på eit samla sal for året på 46 000 tonn. Dette ligg så godt som midt mellom salet i 2008 og i 2009, og kanskje er det eit nivå som dette vi må rekna med framover?, undrar han.

Godt maskinsal
- Etter ein forsiktig start på året, kom det eit kraftig løft ut over i året på maskinsida. Eg kan nemna traktor, der tal inngåtte kontraktar blei vel dobla, til i overkant av 150. Marknadsandelen for John Deere auka att, og enda rundt ?¼?¼28 % i FKRA sitt område i fjor, som er opp frå 22 % året før, fortel Bekken.
- For reiskapar blei omsetnaden på nivå med året før, medan vi som venta fekk ein liten nedgang for I-mek, frå eit svært godt sal i 2009. Butikkane har framleis fin salsutvikling, med 5- 6 % auke frå 2009 til 2010. Samla er vi godt nøgde med maskinsida, med betre sal enn venta og betre enn året før, seier han vidare.

Solid satsing på Sørlandet
- FKRA har satsa sterkt på å oppgradera anlegg på Sørlandet siste året. Maskinsenteret i Kristiansand opna i april, og tilbakemeldingane er svært positive. Det tek jo litt tid før den nye verkstadstrukturen har sett seg, men så langt ser det bra ut. Den nye butikken i Grimstad opna i førstninga av november, og har gått veldig bra, kan Ola Bekken fortelja.
- Nå står Kvinnherad og Vikeså for tur for oppgradering. I Kvinnherad reknar vi med opning rundt påske, så det er bare å gleda seg, lovar han.

Variabelt for sideverksemdene
- Agrimarin Nutrition AS, altså ertefabrikken, skuffa også i 2010. I starten av året såg det lyst ut, men så svikta ein stor kunde, og det endra seg sterkt. Like før jul fekk vi løysing på dette, då vi fekk ein avtale med eit tysk firma som tek unna stivelsen. I år bør erteproduksjonen gå i pluss, meiner han.
- Nå er produksjonen i MarinPet AS, altså i fabrikken som produserer fôr til kjæledyr, i gang. Det vil nok ta litt tid før alt går på skjenar, men vi får ta eit steg om gongen, seier han vidare.
- På eigedomssida ser vi mange positive trekk. M44 på Bryne går som kjent godt. Utviklinga av eigedommen i Hillevåg i Stavanger er i full gang på papiret, og i Sandnes er vi i god dialog med kommunen om siloane i hamneområdet. Vi håpar på ei god løysing for denne eigedommen vår, som jo ligg i inngangsporten i sjøvegen til Sandnes, avsluttar Ola Bekken.
 

Publisert Dag Raustein, Bondevennen / publ. Grethe Sevdal

Verktøylinje

Rabatter og god service

Felleskjøpet Rogaland Agder er et samvirkeforetak, vårt formål er å styrke medlemmene sin økonomi på kort og lang sikt.

Det er lønnsomt å være medlem hos oss. Gode betingelser gir landbrukskunder flere fordeler ved medlemskap.

Mange fordeler:

  • Kvantumsrabatter
  • Bestillingsrabatt
  • Webrabatt
  • Etableringsrabatt
  • Årskvantumsrabatt
  • Sparekonto
  • Gratis rådgivning
  • Tankstøtte
  • Bonusutbetaling ved overskudd
  • Gratis abonnement på bondevennen i 1 år, gjelder nye medlemmer i samvirke
     

Les mer om medlemskap på medlemssiden

Personvernpolicy | firmapost@fkra.no

Besøksadresse: Sandvikvn. 21, Stavanger     Adresse: Postboks 208 Sentrum, 4001 Stavanger     Tlf: 51 88 70 00     E-post: firmapost@fkra.no    Org.nr: NO915442552MVA - Kundesenter: 994 30 640