Halm

Import av grovfôr

Import av grovfôr er siste utveg for å sikra husdyra fôr fram til neste års grøde. Risiko for å føre inn alvorleg husdyrsmitte, plantesjukdommar, genmodifiserte spiredyktige frø og levande insekt er faktorar me la til grunn då me vende oss til leverandørar i utlandet.

Konsekvensen av å føre inn uønska sjukdommar er så stor at me måtte legga strengaste krav til grunn for leverandørane.  Denne arbeidsmåten er ikkje ulikt risikoanalysen som FKRA legg til grunn for innkjøp av råvarer til kraftfôrproduksjonen. 

Halmen kjem frå bønder i Danmark som har hausta det på eigen åker. Frøhøyet er frå frødyrkarar som følger strenge forskrifter for å sikra at det ikkje fins floghavre i åkeren. Lusernehøyet blir levert av store produsentar frå Italia og Spania. Po-deltaet i Italia har lenge hatt stor eksport av lusernehøy. I Zaragoza har spanske bønder gått saman og investert i store og effektive fabrikkar som skånsamt tørkar høyet og sorterer kvaliteten etter proteininnhald og struktur. All lusernehøy som FKRA sel, er tørka i lukka anlegg med rein luft, ikkje soltørka på bakken med fare for smitte frå smådyr eller fugleskit.  Ingen bruker husdyrgjødsel i produksjonen av luserne.  

Alle som kjøper grovfôr frå FKRA, kan vera trygge på at kvaliteten er den beste og tryggaste som er råd å få tak i.

 

Husdyrnæringa, fôrbransjen, Veterinærinstituttet og Mattilsynet har samarbeida om å lage ei rettleiing for dei som må kjøpe importert grovfôr på grunn av tørken i sommar. Det er også laga ei rettleiing for importører.


Se veileder for kjøpere og importører av grovfôr


Publisert 22. oktober 2018 - Geir Inge Auklend

 

Verktøylinje

Rabatter og god service

Felleskjøpet Rogaland Agder er et samvirkeforetak, vårt formål er å styrke medlemmene sin økonomi på kort og lang sikt.

Det er lønnsomt å være medlem hos oss. Gode betingelser gir landbrukskunder flere fordeler ved medlemskap.

Mange fordeler:

  • Kvantumsrabatter
  • Bestillingsrabatt
  • Webrabatt
  • Etableringsrabatt
  • Årskvantumsrabatt
  • Sparekonto
  • Gratis rådgivning
  • Tankstøtte
  • Bonusutbetaling ved overskudd
  • Gratis abonnement på bondevennen i 1 år, gjelder nye medlemmer i samvirke
     

Les mer om medlemskap på medlemssiden

Personvernpolicy | firmapost@fkra.no

Besøksadresse: Sandvikvn. 21, Stavanger     Adresse: Postboks 208 Sentrum, 4001 Stavanger     Tlf: 51 88 70 00     E-post: firmapost@fkra.no    Org.nr: NO915442552MVA - Kundesenter: 994 30 640