Kyr skal spise mer mais

Kyr skal spise mer mais

​Fleire norske bønder håpar at mais i fôret vil gi meir mjølk per ku, men smaken skal ikkje endre seg. Dei siste åra har stadig fleire bønder satsa på mais. Akkurat no gror det såkalla fôrmais på rundt 5000 dekar norsk jord fordelt på nesten 60 bønder.

 

Men det er ikkje mais på grillen som har teke sånn av.
 

Ikkje fredagstaco-mais

– Mais er eit fôr som vi ikkje har hatt tradisjon for å bruke veldig mykje i Noreg, men no ser vi at omfanget aukar, det er fleire som dyrkar mais, seier Torgeir Erfjord, direktør i Felleskjøpet, for landbruksdivisjonen Rogaland Agder.

Dei skal mellom anna gi råd til bønder om korleis fôrsamansetjinga bør vere for å få mest mogleg mjølk ut av kua.

– Denne maisen er ikkje den same som vi har til fredagstacoen. Dette er ein kvit type med mindre smak. Ein finn allereie maisen i kraftfôr, men den er importert og ikkje dyrka fram av bøndene sjølv, forklarer han.

 

Satsar på Jæren

Ein av fordelane med å fôre kyr med mais, er at det krev mindre arbeid enn gras. Likevel er mais meir sårbar for ein dårleg sesong.

– Først og fremst gir maisen veldig gode avlingar, og viss kolbane utviklar seg på rette måten blir det mykje stivelse i dei, seier Erfjord.

Men sjølv om maisdyrking stort sett har vore noko dei har sysla med i tidlegare Buskerud, Østfold, Vestfold og Telemark, så blir nå også bønder andre stader i landet freista.

Ein av dei er jærbonde Ivar Rege frå Sola, etter 25 år som bonde er det første gong han dyrkar mais.

Han og ein kollega driv samdrift og leverer 700 tonn liter mjølk i året. No vil dei blande silofôr og mais saman i ei blandevogn og gi til kua.

– Vi håpar jo på meir mjølk per ku, ved å blande inn mais, seier han.

Og allereie før første hausting, er planen å kanskje doble satsinga til neste sesong.

– Viss det blir veldig bra så ser eg ikkje vekk frå at vi sår 100 mål eller endå meir neste år.

 

Maissmak av mjølka?

Så var det smaken då ...

Torgeir Erfjord i Felleskjøpet forsikrar om at skulemjølka ikkje vil smaka maisgraut i framtida.

– Det er ingen sterke smaksstoff i denne maisen, som blir overført til mjølka. Det er mykje av dei same næringsstoffa som ein finn i kraftfôr og gras i dag, seier han.

 

Se hele tv-innslaget, trykk på vis mer og velg avsnitt nr. 9 Kyr skal spise mer mais

 


Saken er tatt fra NRK Rogaland - publisert første gang 20. august 2020

Verktøylinje

Rabatter og god service

Felleskjøpet Rogaland Agder er et samvirkeforetak, vårt formål er å styrke medlemmene sin økonomi på kort og lang sikt.

Det er lønnsomt å være medlem hos oss. Gode betingelser gir landbrukskunder flere fordeler ved medlemskap.

Mange fordeler:

  • Kvantumsrabatter
  • Bestillingsrabatt
  • Webrabatt
  • Etableringsrabatt
  • Årskvantumsrabatt
  • Sparekonto
  • Gratis rådgivning
  • Tankstøtte
  • Bonusutbetaling ved overskudd
  • Gratis abonnement på bondevennen i 1 år, gjelder nye medlemmer i samvirke
     

Les mer om medlemskap på medlemssiden

Personvernpolicy | Kontakt oss på e-post

Besøksadresse: Sandvikvn. 21, Stavanger     Adresse: Postboks 208 Sentrum, 4001 Stavanger    Org.nr: NO915442552MVA - Kundesenter: 994 30 640