Sein skuronn

Det fuktige véret har forsinka skuronna i vårt område. Like fullt ser det ut til at kvaliteten er på det jamne. To tredjepartar av kornavlinga i Rogaland og Agder står ennå att å hausta inn. Det fuktige véret har forsinka skuronna, om enn i litt mindre grad enn på Austlandet.

Vassinnhaldet i kornet er om lag som normalt, og sjølv om det har vore ein del soppangrep i åkrane, så viser analysane våre at mykotoksin-nivået i kornet er lågt.  Bare unntaksvis er nivået så høgt at analysemetoden greier å påvise mykotoksinet deoksynivalenol (“DON”).  Mottaket som Felleskjøpet Rogaland Agder etablerte på kort varsel på Lista, har fungert godt.

Alt kornet frå Lista har så langt gått til Kvalaberget for på den måten å avlaste tørkekapasiteten på Lagmannsholmen.  Langtidsvarselet ser ikkje ut til å vera det beste, men la oss håpe at stråstyrken held aksa oppe til skurtreskaren har berga heile avlinga.

Publisert 8. september 2011 - Geir Inge Auklend
 

Verktøylinje

Rabatter og god service

Felleskjøpet Rogaland Agder er et samvirkeforetak, vårt formål er å styrke medlemmene sin økonomi på kort og lang sikt.

Det er lønnsomt å være medlem hos oss. Gode betingelser gir landbrukskunder flere fordeler ved medlemskap.

Mange fordeler:

  • Kvantumsrabatter
  • Bestillingsrabatt
  • Webrabatt
  • Etableringsrabatt
  • Årskvantumsrabatt
  • Sparekonto
  • Gratis rådgivning
  • Tankstøtte
  • Bonusutbetaling ved overskudd
  • Gratis abonnement på bondevennen i 1 år, gjelder nye medlemmer i samvirke
     

Les mer om medlemskap på medlemssiden

Personvernpolicy | kundesenter@fkra.no

Besøksadresse: Sandvikvn. 21, Stavanger     Adresse: Postboks 208 Sentrum, 4001 Stavanger     Tlf: 51 88 70 00     E-post: kundesenter@fkra.no    Org.nr: NO915442552MVA - Kundesenter: 994 30 640