Spire Surfôr Pluss 100 og Spire Surfôr Pluss 10 – dei to store
Raigrasbasert
Til slutt er det det likevel ofte dei gamle travarane som går igjen. Spire Surfôr Pluss 100 har i mange år vore den dominerande raigrasblandinga. Den er allsidig og prisgunstig, og blir brukt veldig mykje til direktesåing i eng, ein praksis som har auka på dei siste åra.
Timoteibasert
Når det gjeld timoteibaserte blandingar er det Spire Surfôr Pluss 10 som blir mest brukt. Den klarer seg godt over store deler av vårt distrikt og passar for dei som vil ha ei allsidig samansett eng med ulike arter. Blandinga har 10% raigras som gjev eit positivt bidrag til kvalitet og avling, men er likevel ikkje dominerande.
Spire Surfôr Pluss 10 kan du også få med 10% rødkløver. Dersom du vil ha kløver i raigrasblandinga har vi Spire Surfôr Pluss 90 med 10% kvitkløver.
Hardfør
Spire Surfôr Robust er ei allsidig blanding med svært mange artar. Den er også tenkt å kunne stå lenge som varig eng, og har arter som vil klare seg under skiftande klimaforhold.
Nyheter
Av nyheter lanserer me i år Spire Strandsvingel. Den har eit innhald på 75% strandsvingel Barolex, Swaj og Softane. I tillegg er det litt raigras og litt timotei i den, for å gje litt meir avling dei første år. Strandsvingel er ein grasart som kjem seint i gang, men som derimot står lenge. Potensialet for høg tørrstoffavling er stort, men kvalitetsmessig passar strandsvingel best til ammeku eller som strukturfôr i mjølkeproduksjonen.
Les meir om vårt såvaresortiment i Plantekulturkatalogen
Saken er tatt fra Vårt Felleskjøp april 2020