Søk

Du er her:

HELgjødsel

HELgjødsel - bør vera førstevalet på beite

HELgjødsla er etter kvart godt innarbeidd i landbruket vårt, men eg trur det er viktig at fleire vel dette som første alternativ for komande vekstsesong. Denne gjødsla bør prioriterast framfor mineralgjødsel 22-2-12 eller 18-3-15.

Dette fordi ein vil få eit rimelegare alternativ, og ein slepp tilføra meir fosfor enn naudsynt for optimal vekst. Altså eit betre miljø- og klimatiltak.

Litt om Helgjødsel

HELgjødsla vert produsert på Sele i Klepp kommune, kor fjørfègjødsel  inngår som bindemiddel i produksjonen. Det vert i tillegg tilført nitrogen, kalium i alle HELgjødseltypar,  med tillegg av kopar og kobolt i nokre produkt. Ein kan i tillegg få HELgjødsel tilsett Selen. Produksjon av HELgjødsel er eit særs viktig tiltak for landbruket vårt i frigjering av spreieareal og resirkulering av næringsstoff. Plantetilgjengeleg fosfor kjem kun frå fjørfègjødsla i HELgjødsel. 

Dokumentasjon

HELgjødsla har gjennom dei siste 20 åra vore utprøvd gjennom ulike forsøk i eng og beite i Rogaland.  HELgjødsel er godt dokumentert med omsyn til avling i både mengde og kvalitet i høve til vanleg mineralgjødsel. Det er bra dokumentert verknad av tilført både kobolt og selen. Det har vist positiv langtidsverknad av HELgjødsel i beite i høve til vanleg mineralgjødsel. Hønegjødseldelen frigjer truleg N-verknad over litt lengre tid, og erfaringane viser særs god avbeiting.

Praktisk tilråding

Vårgjødsling til beiter utan bruk av husdyrgjødsel

Om lag 40 kg/daa HELgjdsel 18-1-10 m/selen

Dersom ein vil sikra tilføring av kobolt vel ein å få gjødsla levert med kobolt. I tillegg kan ein også be om å få tilsett kopar. Dette kan vera eit godt tiltak for å vedlikehaldsgjødsla med kopar om ein har behov for det. Kobolt må ein tilføra kvart år.

Hugs tilleggsgjødsling i beitetida med om lag 20 kg kalkammonsalpeter/daa kvar 5.veke. (frå ca. 10. juni)

Vårgjødsling til beite med bruk av husdyrgjødsel

I slike høve kan det vera mest fagleg rett med om lag 2,5 tonn blautgjødsel storfe/daa i tillegg til ca. 15-20 kg/daa kalkammonsalpeter, men ein kan alternativt bruka 20-25 kg HELgjødsel 18-1-10/daa nå, og tilføra 20-25 kg HELgjødsel 18-1-10 /daa til første tilleggsgjødsling i juni. Sjå elles neste forslag.

I byrjinga av juni og i samband med 1. overgjødsling, kan det vera aktuelt med tilføring av Selen og/eller kobolt. Då kan ein alternativt nytta HELgjødsel 18-1-10 med om lag 40 kg/daa. Dersom ein føler/meiner dette vert litt vel mykje nitrogen i ein omgang, kan ein fordela dette med om lag 20-25 kg/daa med 4 vekers mellomrom. Då vil ein sikra høveleg tilføring av selen og eventuelt kobolt i beitetida.

Grasareal utan bruk av husdyrgjødsel

Det er grunn til å bare nemna dette, i slike situasjonar bør HELgjødsel 18-1-10 vera eit særs godt alternativ til tradisjonell mineralgjødsel.

Eks. Om våren. God eng til siloslått: 80-90 kg/daa.  Etter 1. slått: 55 kg/daa.

Eng til høyslått/hestehøy/Ammekufor: 55 kg/daa. Etter 1. slått: 55 kg/daa.

NB. Hugs vedlikehaldsgjødsling med kopar kan ein lett få gjort med HELgjødsel 18-1-10.

Spreieeigenskapar: HELgjødsel har ein fin fast pelletskvalitet, og er lett å spreia via ein tradisjonell mineralgjødselspreiar. Innstilling av utløpsopninga på spreiaren. Eks. Dersom ein vil tilføra ca. 25 kg kalkammonsalpeter/daa, skal ein for å få ut 25 kg HELgjødsel nytta dobbel opning i høve opninga for kalkammonsalpeteren.  Slik kan ein elles gjera for andre mineralgjødselmengder.

Kva kan ein gjera?

Dersom ein er interessert i å prøva HELgjødsel til neste vekstsesong, skal ein ta kontakt med  sin lokale gjødselforhandlar.

 

Publisert 16. mars 2021 - Artikkelen er skrevet av Ragnvald Gramstad

Verktøylinje

Vi gjør oppmerksom på!

Alle plantekulturprodukter kan i perioder ha leveringstid på inntil 10 virkedager.

I forbindelse med høytider og ferier kan leveringstiden være noe lenger.

Dersom varen ønskes levert før, eller ved spesielle leveringsønsker, må betillingen ringes inn til vårt kundesenter 994 30 640.

Dersom du skal bestille kraftfôr- og plantekulturprodukter i samme leveranse vil du få 2 datoer for leveranser.

Ta kontakt med våre konsulenter for faglige råd.

Personvernpolicy | Kontakt oss på e-post

Besøksadresse: Sandvikvn. 21, Stavanger     Adresse: Postboks 208 Sentrum, 4001 Stavanger    Org.nr: NO915442552MVA - Kundesenter: 994 30 640