Figgjo - Norsk fleirårig raigras i toppklasse

Figgjo - Norsk fleirårig raigras

«Når vi skal lage nye raigrassortar, så plukkar vi dei beste eigenskapane frå kjende, gode sortar, og prøver å lage ein sort som eignar seg endå betre for norske forhold. Det er særleg avling, kvalitet og overvintring som blir vektlagt». Dette seier forskar Liv Østrem ved NIBIO Fureneset.

FKRA har nå eigen såfrøproduksjon av Figgjo, og tilbyr Figgjo både i frøblanding og som rein sort.

I dag er det selskapet Graminor som har ansvar for utvikling av plantesortar til jord- og hagebruksnæringa i Norge, og det er Graminor som er sortseigar av Figgjo. Opphavsmateriale i Figgjo kjem frå velkjende sortar som Taptoe, Tove og Polly. I tillegg er det kryssa inn ein russisk sort med gode overvintringseigenskapar. Og ikkje minst så har Figgjo også norske gener, med raigrasmateriale frå lokalsorten Kleppe. Kleppe raigras er sted egent norsk raigras som vart innsamla på Jæren av forskarar ved forskingsstasjonen på Særheim i si tid, og seinare kromosomdobla ved NMBU Ås. Polly er ein hybridsort, dvs. ein blanding av toårig og fleirårig raigras. Desse eigenskapane gjer at Figgjo har evne til å etablera seg rask og gje høg avling alt i såingsåret.

Gjennom dei offisielle verdiprøvingane blir sortane testa mange stader i Norge, slik at ein finn dei sortane som høver best i dei ulike regionane. Figgjo var ferdig testa og kom på Norsk sortsliste i 2006. «Det tar lang tid og krev mykje arbeid å få fram ein ny sort», seier Liv Østrem. Opptakten til Figgjo starta med feltforsøk på NMBU Ås og Fureneset i 1986, deretter ein samkryssing av dei beste sortane i 1990. Arbeid med foredling av gras går etter faste prosedyrar, først med selektering og utval av enkeltplanter, kryssbestøving og feltutprøving. Figgjo, eller nummersort FuRa 9602 som den heitte i starten, var ferdig i 1996 med dei eigenskapar den har nå.

FuRa 9602 utmerka seg med særleg gode avlingar på Sør-Vestlandet. Dermed var det naturleg å tenkje på eit namn med tilknyting til Rogaland. Og sidan sortane som blir foredla på Fureneset oftast har namn som byrjar på F, vart sorten heitande Figgjo.

Etter kvart som sorten er blitt meir utprøvd har det vist seg at Figgjo ikkje berre gjorde det godt på Vestlandet, den har klart seg overraskande bra også andre stader i landet. I forsøk med raigras for nye dyrkingsområder klarte Figgjo seg bra både høgt over havet og langt nordover i landet.

I verdiprøvingane blir sortane også testa for kvalitet. Som vi ser av tabellen har Figgjo god kvalitet, men den bør nok ikkje stå for lenge før 2.slåtten.

FKRA sin produksjon av raigrasfrø er for liten, slik at vi må supplere med innkjøpt frø, og vi treng fleire frødyrkarar. Framover ser vi for oss å bruke meir Figgjo i raigrasblandingane våre, og ikkje minst tilbyr vi den også nå for salg som rein sort, på lik linje med dei andre kvalitetsortane som vi har i sortimentet.

Publisert 9. august 2016 - Geir Paulsen

 

 

 

 

 

 

Verktøylinje

Vi gjør oppmerksom på!

Alle plantekulturprodukter kan i perioder ha leveringstid på inntil 10 virkedager.

I forbindelse med høytider og ferier kan leveringstiden være noe lenger.

Dersom varen ønskes levert før, eller ved spesielle leveringsønsker, må betillingen ringes inn til vårt kundesenter 994 30 640.

Dersom du skal bestille kraftfôr- og plantekulturprodukter i samme leveranse vil du få 2 datoer for leveranser.

Ta kontakt med våre konsulenter for faglige råd.

Besøksadresse: Sandvikvn. 21, Stavanger     Adresse: Postboks 208 Sentrum, 4001 Stavanger     Tlf: 51 88 70 00     E-post: firmapost@fkra.no    Org.nr: NO915442552MVA - Kundesenter: 994 30 640