Såvarer 2018 - Felleskjøpet Rogaland Agder

Såvarer 2018

Her er ein kort oversikt med såvarer, sortar og blandingar frå Felleskjøpet Rogaland Agder 2018. Såvarene vart grundig presentert i katalogen Plantekultur 2018 som vart sendt ut i medlemmer og kundar i desse dager.

Du kan bla i katalogen her

 

Nyheter i 2018

Timotei Liljeros. Ny norsk Graminor sort. Gode resultat på verdiprøvingane på Sør- og Vestlandet. Eigenskapar elles nokså likt Grindstad. Begrensa kvantum, kun som reinfrø i 2018.

Bygg Thermus. Ny dansk 2-radssort. Høgt avlingspotensiale, sterkt strå, generell god sjukdomsresistens. Resistens mot havrecystenematode rase I og II. Høg tusenkornvekt og hektolitervekt. Veksttid som Fairytale

Bygg Rødhette. Ny norsk Graminor 6-radssort. Dette er ein sein sort, sju dagar seinare enn Heder. Høgt avlingspotensiale. Godt strå, sterk mot mjøldogg, litt svak for grå øyeflekk.

Strandrøyr: Dei siste åra har det vore for lite norsk strandrøyr. I år vil me difor få inn strandrøyr Bamse frå Sverige, og reknar med at det skal vera nok til alle.
 

Korn

Bygg 2-rad: Hovudsort er Fairytale, i tillegg Thermus og Helium.

Bygg 6-rad: Hovudsrot er Heder, i tillegg har me Rødhette.

Havre: Hovudsort er Odal, i tillegg har me Gunhild og Belinda.

Vårkveite: Zebra + sannsynlegvis ein sort til.
 

Engfrøblandingane

Sjå vedlagt oversikt over engfrøblandingane, og katalogen. Dei fleste sortane som er i blandingane vil også kunne bestillast som reinfrø. Endringar/justeringar av innhald i blandingane for 2018:

SPIRE Surfôr Pluss 10:
Har lenge vore utan kløver. Nå har me også eit alternativ med 10 % rødkløver.

SPIRE Surfôr Pluss 90:
Me tilfører blandinga litt diploid fl.årig raigras (beitetype) og kvitkløver, som gjer blandinga betre eigna til både slått og beiting, f. eks ein eller to slåttar og så beiting utover i sesongen.
Nye sortar er Ovambo tetraploid raigras og Abosan diploid raigras.

Spire Beite Pluss 60:
Tar inn 10 % raigras Aston Energy for betre smaklighet/opptak. Raigras Dunluce som også har gode eigenskapar mot smak og opptak er med i blandinga frå før. Nytt diploid raigras er Bovini. Reduserer engrapp til 15 % og rødsvingel Gondolin til 5 %.
 

Andre engfrø, reint:

Bladfaks Leif
Strandrøyr Lara, Bamse
Hundegras Laban
Strandsvingel Swaj og Barolex
Hybridraigras Storm
Raisvingel Hykor
 

Grønfôrraigras:

Raigras 2-årig italiensk: Mondora og Barpluto
Raigras 1-årig westerwoldsk: Bartigra og Pollanum
 

Rug

Haustrug sådd om våren har blitt aktuelt til beite, og ev også slått.
Haustsådd rug med gjenlegg er også under utprøving.
Me har pr februar hybridrug Palazzo og Magnifico. Dei har veldig god vekstkraft, men er litt dyre. Prøver også å skaffe populasjonsrug.
 

Andre grønfôrvekster

Fôrmargkål: Grüner Angeliter
Fôrraps: Fontan
Grønfôrnepe: Marco

Fôrsukkerbete

Sort: Enermax

Belgvekster:

Fôrrerter: Javlo
Kløver: Rødkløver Lea, Kvitkløver Silvester og Rivendel (småblada). Perserkløver Lightning
Vikke: Nitra
Luserne: Den norske sorten Live, ferdig smitta.

Økologisk

Naturablandingane Surfôr Normal, Surfôr Beite Pluss 10 og Surfôr beite Vintersterk.
Kvikløver: Hebe
Raigras fleirårig: Birger
Raigras toårig: Danergo

Spesialitetar

Sikori, sort Puna II: Kjem frå New Zealand i år, me reknar ikkje med å få den inn før i slutten av april.

Smalkjempe (Plantain), sort Tonic: Blir brukt som beiteplante til sau og ku. Smakleg og lettfordøyeleg med høgt mineralinnhald. Eksempel på bruk: https://www.dairynz.co.nz/feed/crops/plantain/
Me tar inn nokre få kilo for dei som vil prøve, frå same leverandør som sikori Puna II.

Spire Hestebeite: Me tar inn frå FK Agri eit mindre parti av Spire Hestebeite, frøblanding til beite spesielt berekna for hest.

Quinoa: Har nokre få kilo quinoa for spesielt  interesserte.

Maltbygg: Me har også litt maltbygg på oppfordring, sorter KWS Irina og Vanille.

Gardsblandingar

FKRA har eige frøblanderi og har dermed muligheit for også å laga mindre parti med spesielle gardsblandingar for kundar som ønskjer det. I slike tilfelle må me ha bestilling i god tid. Minstekvantum for slike spesialblandingar er 300 kg.

Verktøylinje

Vi gjør oppmerksom på!

Alle plantekulturprodukter kan i perioder ha leveringstid på inntil 10 virkedager.

I forbindelse med høytider og ferier kan leveringstiden være noe lenger.

Dersom varen ønskes levert før, eller ved spesielle leveringsønsker, må betillingen ringes inn til vårt kundesenter 994 30 640.

Dersom du skal bestille kraftfôr- og plantekulturprodukter i samme leveranse vil du få 2 datoer for leveranser.

Ta kontakt med våre konsulenter for faglige råd.

Personvernpolicy | firmapost@fkra.no

Besøksadresse: Sandvikvn. 21, Stavanger     Adresse: Postboks 208 Sentrum, 4001 Stavanger     Tlf: 51 88 70 00     E-post: firmapost@fkra.no    Org.nr: NO915442552MVA - Kundesenter: 994 30 640