Vassinnhaldet i kornet er om lag som normalt, og sjølv om det har vore ein del soppangrep i åkrane, så viser analysane våre at mykotoksin-nivået i kornet er lågt. Bare unntaksvis er nivået så høgt at analysemetoden greier å påvise mykotoksinet deoksynivalenol (“DON”). Mottaket som Felleskjøpet Rogaland Agder etablerte på kort varsel på Lista, har fungert godt.
Alt kornet frå Lista har så langt gått til Kvalaberget for på den måten å avlaste tørkekapasiteten på Lagmannsholmen. Langtidsvarselet ser ikkje ut til å vera det beste, men la oss håpe at stråstyrken held aksa oppe til skurtreskaren har berga heile avlinga.
Publisert 8. september 2011 - Geir Inge Auklend