Søk

Du er her:

Siloslått - viktige tiltak for best mogleg resultat

Siloslått - viktige tiltak for best mogleg resultat

Mykje og godt grovfôr legg eit viktig grunnlag for god økonomi i mjølke- og kjøtproduksjonen. Her får du ei påminning om dei viktigaste operasjonane for å lukkast med grasavlinga.

 

Mykje og godt grovfôr legg eit viktig grunnlag for god økonomi i mjølke- og kjøtproduksjonen. Truleg vil dette også bli meir sentralt i marknadsføring av våre fantastiske produkt. Vi har dei beste føresetnadane for produksjon av gras av høg kvalitet. I den samanheng er det viktig å gjera dei rette tiltaka på kvar gard i retning av å ha betre eng, praktisera rett slåttetid, og ikkje minst minimalisera tap av energi under lagring. Meir mjølk og kjøt produsert på meir grovfôr og mindre kraftfôr vil ha ein positiv marknadsføringsverdi for produkta våre og samstundes sikra betre økonomi.

Det vert ofte mykje diskusjon om kva som er best grovfôrkvalitet. Eg trur det er viktig alt no å tenkja kritisk igjennom kva som går godt og kva som går mindre bra på min gard og i min produksjon. Det kan mellom anna vera grovfôrmengda, fôreiningskonsentrasjonen og gjæringskvaliteten. Dersom du meiner alt er ok skal du kanskje ikkje gjera dei store forandringane, men eg trur likevel det er grunn til å stressa nokre av dei mest sentrale operasjonane. 

 

Slåttetid – stubbehøgde – tørketid

Eit klart mål bør vera å sikra ein fôreiningskonsentrasjon på om lag 0,90, på alle slåtter om du tek mål av deg å produsera mest mogleg mjølk og kjøtt på minst mogleg bruk av kraftfôr. Hugs at rett nitrogengjødsling vil sikra eit optimalt proteininnhald på 15-16 % per FEm. Dette er fullt ut mogleg om ein er bevisst på rett gjødsling og slår til rett tid, og vêrgudane er med oss. Grovfôrprøvar frå sist år samt tett kontakt med NLRrådgjevarane, vil vera til stor hjelp for å nå målet.

Hugs god stubbehøgd på 8-10 cm, og kortast mogleg opphaldstid/tørketid på bakken for å oppnå ein tørrstoffprosent på 28-32 % tørrstoff. Rask tørking vil redusera åndingstap og anna tap i prosessen.
 

Gjæringskvalitet/ Bruk av ensileringsmiddel

Det er ofte heftig meiningsutveksling om i kva grad ein skal bruka ensileringsmiddel eller ei. Ei generell oppfatning har vore at dersom du driv fortørking av gras, så kan du sløyfa ensileringsmiddel. Dette kan nok i nokre tilfelle langt på veg vera rett, men eg trur nok dette har vorte strekt vel langt. Eit ensileringsmiddel er eit særs viktig hjelpemiddel som i praksis er både ei investering og ei forsikring. Rett brukt vil du indirekte kjøpa deg meir fôr på garden, og såleis sitja igjen med meir næring per kg silofôr i forhold til same fôr utan bruk av ensileringsmiddel.

 



Nøye mål: Hugs rett dosering av ensileringsmiddel. Ein rundball veg som oftast 750-800 kg og du treng eksempelvis 2,5 -3 liter Gras-AAT Pluss, eller vel 2 liter Kofasil LP per ball.

 

Økonomi

Ein viktig føresetnad for god økonomi er at grovfôret er og vert produsert på ein kostnadseffektiv måte. I tillegg til at du oppnår store grasavlingar på i sum 750- 800 netto FEm/daa og år.

Dei variable kostnadene i grovfôrproduksjonen utgjer om lag kr. 0,60-0,70 per FEm. I denne summen ligg òg kostnad til ensileringsmiddel som utgjer om lag kr. 0,12-0,13 per FEm. Alle fôringsforsøk har vist ein klar positiv effekt. Dette har enkelt forklart vist at om du investerer i ensileringsmiddel tilsvarande 12-13 øre per FEm, så får du tilbake vel 30 øre i større grovfôropptak og redusert bruk av innkjøpt fôr.

 

Praktiske tiltak

I dei aller fleste tilfelle med redusert fortørking på 26-30 % tørrstoff, vil bruk av ensileringsmiddel vera lurt. Du vil sikra trygg og god gjæring og redusera tap av energi/sukker i silofôret ditt. På bakgrunn av alle, og også nye lokale forsøk, vil eit syreprodukt vera mest aktuelt å anbefala. Kofasil-produkt kan du med fordel nytta i plansilo og rundballar. Kofasil har positiv effekt med omsyn til reduksjon av sporer og hygienisering av mellom anna Listeria-bakteriar. Hugs rett dosering. Ein rundball veg som oftast 750-800 kg og du treng eksempelvis 2,5 -3 liter Gras-AAT Pluss, eller vel 2 liter Kofasil LP per ball.

Utfordringane er kanskje større i samband med snitting og store vogner. Ein brukande målestokk er at snitta gras på 28-30 % tørrstoff har ei eigenvekt på vel 300 kg per kubikk. Voluminnhald i vogn multiplisert med 300 kg gir oss ca. lassvekt. Følg anbefalt dosering av dei ulike ensileringsmidla per tonn gras.

Betre grovfôr vil sikra større grovfôropptak i dyra, meir mjølk og kjøt, inkludert sau/lam. Desse ulike produkta produsert på godt lokalprodusert gras, vil ha positiv marknadsføringseffekt i åra som kjem.

 

Artikkelen er skrevet av
Ragnvald Gramstad
Pensjonert seniorrådgiver
NLR Rogaland

 

Er du interessert i mer landbruksnytt fra Bondevennen, se bondevennen.no

 


Kilde: Bondevennen nr. 17 - mai 2020
Publisert 2. juni - Ole Tjemsland

 

Verktøylinje

Vi gjør oppmerksom på!

Alle plantekulturprodukter kan i perioder ha leveringstid på inntil 10 virkedager.

I forbindelse med høytider og ferier kan leveringstiden være noe lenger.

Dersom varen ønskes levert før, eller ved spesielle leveringsønsker, må betillingen ringes inn til vårt kundesenter 994 30 640.

Dersom du skal bestille kraftfôr- og plantekulturprodukter i samme leveranse vil du få 2 datoer for leveranser.

Ta kontakt med våre konsulenter for faglige råd.

Personvernpolicy | kundesenter@fkra.no

Besøksadresse: Sandvikvn. 21, Stavanger     Adresse: Postboks 208 Sentrum, 4001 Stavanger     Tlf: 51 88 70 00     E-post: kundesenter@fkra.no    Org.nr: NO915442552MVA - Kundesenter: 994 30 640