Søk

Du er her:

Suksess med frøblandingar frå FKRA

Suksess med frøblandingar frå FKRA

I FKRA har me eit stort tilbud på mange ulike frøblandingar. I tillegg har me mange reine sortar, slik at den enkelte kan tilpasse si eiga blanding, om ynskjeleg. Me lagar også «gardsblandingar» på bestilling for dei som ynskjer det.

 

Spire Surfôr Pluss 100 og Spire Surfôr Pluss 10 – dei to store

 

Raigrasbasert

Til slutt er det det likevel ofte dei gamle travarane som går igjen. Spire Surfôr Pluss 100 har i mange år vore den dominerande raigrasblandinga. Den er allsidig og prisgunstig, og blir brukt veldig mykje til direktesåing i eng, ein praksis som har auka på dei siste åra.

 

Timoteibasert

Når det gjeld timoteibaserte blandingar er det Spire Surfôr Pluss 10 som blir mest brukt. Den klarer seg godt over store deler av vårt distrikt og passar for dei som vil ha ei allsidig samansett eng med ulike arter. Blandinga har 10% raigras som gjev eit positivt bidrag til kvalitet og avling, men er likevel ikkje dominerande.

Spire Surfôr Pluss 10 kan du også få med 10% rødkløver. Dersom du vil ha kløver i raigrasblandinga har vi Spire Surfôr Pluss 90 med 10% kvitkløver.

 

Hardfør

Spire Surfôr Robust er ei allsidig blanding med svært mange artar. Den er også tenkt å kunne stå lenge som varig eng, og har arter som vil klare seg under skiftande klimaforhold.

 

Nyheter

Av nyheter lanserer me i år Spire Strandsvingel. Den har eit innhald på 75% strandsvingel Barolex, Swaj og Softane. I tillegg er det litt raigras og litt timotei i den, for å gje litt meir avling dei første år. Strandsvingel er ein grasart som kjem seint i gang, men som derimot står lenge. Potensialet for høg tørrstoffavling er stort, men kvalitetsmessig passar strandsvingel best til ammeku eller som strukturfôr i mjølkeproduksjonen.

 

 

Les meir om vårt såvaresortiment i Plantekulturkatalogen

 


 

Saken er tatt fra Vårt Felleskjøp april 2020

Les magasinet Vårt Felleskjøp

 

Verktøylinje

Vi gjør oppmerksom på!

Alle plantekulturprodukter kan i perioder ha leveringstid på inntil 10 virkedager.

I forbindelse med høytider og ferier kan leveringstiden være noe lenger.

Dersom varen ønskes levert før, eller ved spesielle leveringsønsker, må betillingen ringes inn til vårt kundesenter 994 30 640.

Dersom du skal bestille kraftfôr- og plantekulturprodukter i samme leveranse vil du få 2 datoer for leveranser.

Ta kontakt med våre konsulenter for faglige råd.

Personvernpolicy | kundesenter@fkra.no

Besøksadresse: Sandvikvn. 21, Stavanger     Adresse: Postboks 208 Sentrum, 4001 Stavanger     Tlf: 51 88 70 00     E-post: kundesenter@fkra.no    Org.nr: NO915442552MVA - Kundesenter: 994 30 640