Premiere på ny podcast!
Fredag 14. januar er Ingvild og Magnus klare med Bondevennen sin nye podcast - ein podcast som det luktar skikkeleg fjøs av!
11/1/2022
Pressemelding frå Bondevennen Foto: Stig Morten Sørheim, ABCStudio

På med øyreklokkene, spenn traktorbeltet! Første episode av Bondevennens eigen podcast for fagformidling med glimt i auga går på lufta fredag 14. januar!
Norske bønder produserer noko av den beste, reinaste og tryggaste maten i verda. Det er ingen enkel jobb! Bonden må meistra ei mengd ulike kompetanseområde: God dyrevelferd. God grasproduksjon. Rett fôring. Mekanikk. Økonomi. Tidspress. Skiftande vêr!
Oppdatert kunnskap
Behovet for oppdatert kunnskap er alltid stort i jordbruket. Det har fagbladet Bondevennen bidratt til i snart 125 år. No vil me tilby bonden – og alle andre som vil læra meir om føresetnadane for matproduksjon – fagoppdatering rett inn i øyra.
Med på laget
Med oss på laget som podcast-vertar er me så heldige å ha fått Ingvild Luteberget Nesheim, bonde og rektor ved Vinterlandbruksskulen i Ryfylke, og Magnus Haugland, bonde, rådgjevar i Norsk Landbruksrådgjeving Rogaland, og lærar ved Vinterlandbruksskulen i Ryfylke
Første episode
OBS: Høgt feittinnhald!
I første episode spør Ingvild og Magnus om korleis mjølkebonden kan sikra at kua yt høgast mogleg feittprosent i mjølka. Høgt feittinnhald er nemleg viktig for at du og eg skal finna all den fløyten og smøret me ønskjer i butikken!
Bondevennens podcast er planlagt med 30 episodar utover året, med tettast publisering rundt vår- og haustonna, då bonden oftast etterspør faglege råd.
Komande episodar
Komande episodar handlar om lamming, rett gjødsling, klimasmart fôring og god økonomistyring på bruket. Mellom mykje anna!
Besøk Bondevennen si nettside
Besøk Vinterlandbruksskulen si nettside