Gardsutsalet på Line Gard:
– Veldig gildt og veldig mykje arbeid

På Line Gard i utkanten av Bryne på Jæren, opna dei gardsutsal i oktober i fjor. Her sel dei eige kjøt foredla av Nyyyt, eigenproduserte egg med ekstra gul plomme, poteter frå Gabriel Høyland og andre matvarer frå lokale produsentar.

Vårt Felleskjøp Vår 2022
Tekst/foto: Bethi Dirdal Jåtun/Anne Linn Olsen

Heidi Line visar stolt fram nokon av varene frå gardsutsalet.

–På ein gard tenkjer me ikkje timar uansett, smiler Heidi Line, som vedgår at drifta krevjer sitt, spesielt så lenge ho er åleine i gardsutsalet. Riktignok held ho ikkje ope kvar dag, men ho er på plass kvar einaste veke frå onsdag til og med sundag.

Vil vise fram garden

–Helgene er viktigast, for då kjem familiane på tur, og dei vil me gjerne ha på besøk. Ein viktig motivasjon for gardsutsalet er å vise fram garden og det me driv med så folk skal sjå at dyra har det godt, seier Heidi som ser fram til at også området utanfor gardsutsalet snart skal stå ferdig med beite for lam og kalvar, ei sandkasse og benkar til å sitje på.

–Me ønskjer at folk skal kome her ikkje berre for å handle, men óg for å setje seg ned, ta ein drøs og sjå på dyra, smiler ho.

På Line Gard har dei 7500 frittgåande høns som verpar egg med ekstra gul plomme takka vere mellom anna eit spesialfôr laga i samarbeid med Felleskjøpet Rogaland Agder. Dei har 25 ammekyr av diverse angusblandingar, som blir bedekka av ein japansk wagyu-okse, ein rase som går for å ha verdas mest marmorerte og beste kjøt. I tillegg kjem mjølkekyra i lausdrift, som produserer 550.000 liter mjølk i året, og til slutt 25 sauer som mest av alt nyttast til beitepleie.

Tett samarbeid med Nyyyt

–Me kunne aldri ha opna gardsutsal utan at me hadde våre eigne produkt i botn. Å drive gardsutsal ligg ikkje for alle, men så lenge me produserer både egg og kjøt sjølv, og har eit tett samarbeid med Nyyyt som foredlar kjøtet, kunne me gjere det, seier ho.

Av kjøtet får dei mange ulike produkt som blir selde eksklusivt over disk i gardsutsalet på Line: Spekepølser, kjøttdeig, hamburgarar, pålegg, middagspølser og gode kjøtstykke som mellom anna T-bone og Tomahawk.

Egga, som ho enkelt hentar i hønsehuset og ber med seg over gardsplassen til gardsutsalet, sel ho mykje av.

"Ein viktig motivasjon for gardsutsalet er å vise fram garden og det fine me driv med så folk skal sjå dyra har det godt."

Heidi Line, Line Gard

Drøsen viktig

–Kundane er óg interesserte i kjøtvarene våre, men eg ser me har ein jobb å gjere når det gjeld å forklare kvifor varene kostar meir enn i kjøtdisken på Rema. Det handler ikkje om samlebånd og industri dette, men om småskala, dyrevelferd, handverk og kvalitet, noko som kostar meir. Nettopp difor er drøsen med kundane så viktig, meiner ho.

Gardsutsalet har så langt vore veldig mykje jobb, veldig gildt og veldig godt besøkt. I tillegg til eigne varer sel dei óg varer frå andre lokale produsenter rett rundt dørene, som ost, proyoughurt, knekkebrød, kaffi og sjokolade.

–Eg ønskjer mest mogleg så lokalt som mogleg, seier ho.

Firar ikkje på kvaliteten

Ho legg kvalitet i alt ho gjer. I produkta, sjølvsagt, men óg i bygget, utforminga, interiøret og uteområdet. Her er bjelker i taket, Figgjo-koppar på bordet og bålpanne ved inngangspartiet.

–Det er Grude Bygg som har sett opp utsalet. Eg hugsar dei sa: «Entan kan du hive opp eit skur, eller så må du byggje så det ser ut som om du har tru på det du gjer.» Han hadde heilt rett.

Gardsutsalet skal óg vere ein stad for ulike arrangement om mat og formidling av gardsdrift.

–Litteraturfestivalen «Jorddøgn» har allereie tinga seg plass til hausten, seier ho glad.

Det ser lovande ut. Frå opninga i oktober og fram til jul, har ho hatt godt med besøk. Januar og februar har vore rolegare månader, men ho har stor tru på våren og gler seg til å ta imot nye og gamle kundar og ikkje minst til å få på plass dyra utanfor.

 

Eigenproduserte egg frå Line Gard.
Line Gardsutsal

Opningstider

Onsdag 10 – 18
Torsdag 10 – 18
Fredag 10 – 18
Laurdag 10 – 16
Sundag 12 – 16

Adresse

Hauglandsvegen 60
4346 Bryne