Skattejakt på Undheim

Vårt Felleskjøp høsten 2023
Kåseri av Sjur Håland

Kåseri av Sjur Håland.

Av og til, ein alt for sjeldan gong, fell det verbale gullkorn blant folket som går over i historia. Slåande sitat frå gode talar lever ofte mykje lengre enn sjølve talaren. For å seie det med Per Sivle (som var forfattar og eigentleg ingen talar): «Merket det stend, om beraren stupar». Mange talarar har verkeleg sett spor etter seg:

«I have a dream», sa Martin Luther King. «Ich bin ein berliner», sa John F. Kennedy. «We shall never surrender», sa sir Winston Churchill. «Norge er et lite land i verden», sa Lars Korvald, medan landsmoder Gro Harlem Brundtland i ein nyårstale hevda at «det er typisk norsk å vera god».

Desse om det. Eg kom til å tenkja på eit sitat som eigentleg er utgangspunktet for denne teksten. Sitatet er universelt og gjeld til alle tider. Det skriv seg frå politikaren Kjell Bondevik som ein gong sa at «det er von i hangande snøre».  Eg tenkjer at det er dette bøndene våre lever etter når det røyner på, som det gjerne gjer.

Det var kanskje vona i det hangane snøret bøndene var ute etter under landbruksmøtet på Undheim i Time kommune tidlegare i haust. Tema var «Kor blir pengane av?» Dette er langt frå eit spørsmål som har dukka opp berre siste tida. Eg kjem i hug ein bonde eg kjende frå Vigrestad i Hå. Ein gong på 70-talet kom han frå rekneskapslaget kor han hadde gjort opp årsrekneskapen. Han var ein av dei største bøndene i bygda med 40 kyr på båsen.

«Nå, koss gjekk det», ville naboen på andre sida av steingarden vita.

«Å, det var det vanlege. Store tal på papiret– og inkje pengar på kontoen», svara bonden.

Tilbake til Undheim. Eg trur mange fekk hakeslepp. Ikkje over tema, men over det store frammøtet. Parkeringsplassane var fulle av motorfarkostar i alle storleikar og kulørar. Folk strøymde til lokalet i mengder som ingen hadde sett føre seg. Det var mest som ein skulle tru at det hadde gått eit rykte på førehand at det ikkje var bankfolk, rekneskapsførarar og andre talknuserar, men Rolling Stones som skulle på scenen.

For det var trengsel i døra. Møtestarten måtte utsetjast. Arrangørane småsveitta og måtte springa i kjellar og på loft etter fleire bord og stolar. Til slutt måtte dei gje opp å få sitjeplass på parkett og i sidesal til alle. Nokre måtte klora seg fast ståande langs veggene under møtet. Eg veit ikkje om nokon talde, men enkelte meinte at det var minst 350 bønder til stades for å få svar på kor pengane blei av.

Gullet var ikkje å finna på Undheim heller. Men mat var det nok av. I matpausen snakka enkelte om fisk- og brødunderet i Bibelen. For sjølv om dugnadsfolket på samfunnshuset hadde tenkt seg å «berre» servera eit hundretals bønder, fekk dei på ubegripeleg vis metta alle 350 med karbonadar, potetstappe og steikt lauk. Det er ein utanomjordisk prestasjon som kan samanliknast med Karsten Warholm sitt 400-meters hekkeløp i Budapest i august.

Kor blir så pengane av? Det er tusenkroners-spørsmålet som eg er langt frå kompetent til å svara ut. Men rente- og kostnadsauke saman med ein krevjande marknadssituasjon gjer at bøndene må snu på kvar krone i staden for å hiva seg rundt og bestilla forskaling og betongbil. Opptrappingsvedtak og nytt talgrunnlag for berekning av bøndene si inntekt heng som ei av vonene i snøret, medan uvissa kring revidert gjødselbrukføreskrift likevel skapar uvisse om kva framtida vil bringa.

Ei oppside er det alltid. Det vart også illustrert på Undheim. Dekningsbidragsanalysar fortel at å stella godt i fjøset, finna marginane, stramma inn skrua og henta ut det som hentast kan, gjer at alle har litt å gå på - litt å strekkja seg etter -  medan me ventar på at alt det andre vonleg fell på rett plass.   

Det er eit uttrykk som seier at felles lagnad er felles trøyst. Og når kvinner og menn i alle aldrar og i hopetal entrar eit møtelokale på Undheim og greier å skapa samhald og ein positiv debatt ut av ei samling med eit noko dystert bakteppe, gir det von for komande tider. For bønder – og for dei som blandar betong.  

Det høyrer med til historia om skattejakta på Undheim at landbruksministeren var ute på øvingskøyring med dottera denne kvelden. Då han såg alle bilane ved samfunnshuset på Undheim, hadde han ikkje anna val enn å stikka innom for å sjå kva som gjekk føre seg og helsa på.

Statsråden hadde ikkje klingande mynt med seg i lommane. Men vona i det hangande snøret vart styrka.

 

"
Gullet var ikkje å finna på Undheim heller.
Men mat var det nok av. I matpausen snakka enkelte om fisk- og brødunderet i Bibelen.

 

Se alle utgavene av Vårt Felleskjøp