Nytt fjøs og robot i mai:
- Så langt ser det godt ut!

Jærbonden bestemte seg då han fekk kjøpe nabogarden med 147.000 liter i kvote i februar ifjor: Det måtte bli nytt mjølkefjøs på garden på Lende i Time kommune.

Vårt Felleskjøp Høsten 2021
Tekst: Bethi Dirdal Jåtun Foto: Anne Linn Olsen

F.V. Jone Lende og Thomas Brådli salgskonsulent I-mek.

Opphavleg var dei tolv mjølkeprodusentar på Lende. I dag er dei fire att. Då Jone Lende fekk kjøpe nabogarden, som faren i si tid selde til systera, slo han ifrå seg tanken om å gjere det gamle fjøset om til eit «nytt».

–Med nabogarden fylgde ein kvote på 147.000 liter, noko som betyr at me ialt eig ein melkekvote på 356.000 liter. Dette ga oss sjølvsagt eit heilt anna grunnlag å byggje på, seier Jone Lende (53) som no har rusta farsgarden for framtida.

Imponert over dyra

«2021» er rissa inn i betongveggen over døra inn til det nye fjøset. Mjølkeroboten vart starta 25. mai i år og har vore i godt gjenge sidan. Berre nokre få ventilar er bytta ut, elles har alt virka som det skal, og bonden er imponert over kor fort dyra vende seg til det nye mjølkeregimet.

–Akkurat det gjekk utruleg greitt. Det som har vore litt meir krevjande er klauvhelsa til dyra. Å koma frå båsfjøs med gummimatter til eit hardt, spalta betonggolv, har vore utfordrande, spesielt for dei eldre kyrne. Men me var budde på det. No er det berre ei av dei som haltar litt, medan dei unge kvigene ikkje ser ut til å merkast av det i det heile.

–Eg kunne fått gummi oppå spaltene óg, men ein stad må grensa setjast. Det kostar å byggje, legg Jone Lende til og fortel at dei opererte med eit totalbudsjett på ti millionar kroner for det nye robotfjøset.

Det er viktig for Jone at dyra får god plass.
DeLaval  melkerobot VMS 310 RePro, som registrerer progesteronnivået til hver ku i rett tid..
Jone synes det er fantastisk å få naturen inn i fjøset.

Kona løna utanfor garden

–Heldegvis fekk me midler frå Innovasjon Norge. Det hjelpte, legg han til.

To av borna hans, gutane på 20 og 23, bur fortsatt heime og har vore til stor hjelp under bygginga av det nye fjøset som starta i slutten av august i fjor. Kona, Norunn, arbeidar utanfor garden.

–Går ho, går det ikkje, ler han halvt på skjemt, halvt på alvor.
–Det er i grunnen hennar løn me lever på. Mi forsvinn inn i drifta.

Han har eit håp om at den nye regjeringa skal sørgje for betre tilhøve i landbruket, slik dei har lova og slik det er bruk for.

Rådførte seg med andre

Jone Lende var oppteken av å førebu seg godt før dei kontakta aktuelle leverandørar. Saman med sonen besøkte han fleire fjøs og snakka med bønder som allereie hadde bygd nytt. Han var spesielt oppteken av å høyra med dei som hadde røynt ny drift over fleire år. Då han gjekk til Felleskjøpet og Fjøssystemer med prosjektet, visste han difor mykje både om korleis han ville og ikkje ville ha det. Til dømes hadde han bestemt seg for gardin og ikkje tette veggar.

–Det er fantastisk å få naturen inn i fjøset. Eg kan til og med sjå heilt ned til sjøen herifrå. Han peiker ut mot dei grøne tjelvene som bølgjer seg over steingardane og heilt ned til havet. På andre sida av fjøset ser me mellom anna det gamle fjøset som i dag husar dei minste kalvane.

–Å få den friske lufta inn, kjennest godt. Så får me sjå korleis det går når frosten kjem, om eg då må dekka til roboten eller finne andre løysingar, men det er godt å sleppe duren frå viftene me hadde i det gamle fjøset. Her er det fredeleg og åpent, beskriv han.

Dyra skal ha mest

Jone Lende ville ha roboten så tett opp til kontorvindauget som mogleg, slik at han kan fylgje med dyra og har kort veg ut. Kontoret er ikkje spesielt stort, noko heller ikkje tankrommet i det nye fjøset er. For Lende er det viktig at dyra får det meste av plassen.

At det vart Felleskjøpet Rogaland Agder som teikna og leverte det nye fjøset på garden i Time, heng mykje saman med måten dei tok imot bonden på.

– Dei var raske med å svare, dessutan fekk me alltid høve til å endre på teikningane medan me var på kontoret til Thomas, slik at me kunne sjå korleis ting ville bli og kva som var mogleg og ikkje.

Thomas Brådli som arbeider i I-mek-avdelinga hjå Felleskjøpet Rogaland Agder på senteret i Klepp, seier:

–Med så mange ulike måtar me i dag kan løyse eit fjøs på, er det viktig at me hjelper kundane til å få dei beste løysingene til akkurat deira bruk.

Jone har full oversikt på smarttelefonen.
Han er fornøyd med plasseringa av melkeroboten, så tett opptil kontorvinduene som mulig, for å følge med dyra og ha kort vei ut.
Det nye fjøset sto ferdig mai 2021.

DeLaval RePro

Bonden hadde sett seg ut De Laval sin melkerobot VMS 310 RePro, som registrerar progesteronnivået for kvar ku i rett tid. Dette gjer han mellom anna meir kontroll over reproduksjonen.

–Roboten seier ifrå når dyra skal inseminerast, når dei er drektige, om det er abortar på gang, cyster eller liknande. Det er som eit heilt laboratorium, smiler han og fortel at han hadde besøk av ein rådgjevar frå Tine i går kveld. Nokre gratistimar med Tine følgjer med kjøpet av ny melkerobot.

–Me fann ut at ytinga i flokken har økt frå 8000 kilo mjølk per årsku i fjor til 9000 i år, og det er bra, seier Lende enkelt og fortel at han óg funderte ei stund på korleis det nye fjøset skulle plasserast på eigedomen. Han ville ha det nokså tett på det gamle, utan at det skulle ruve i terrenget.

Ikkje bekymra enno

–Me måtte fyrst rydde ein del skog og få sprengt og kjørt vekk stein før me kunne køyre til massar. Det skilde fire-fem meter frå det eine til det andre hjørnet av tomta. Han smiler.

–Men me fekk det til.

–Er du bekymra no når bankane varslar høgare renter?

–Me har ikkje drifta det nye fjøset i eitt år endå. Dei seier at det fyrste året er mindre stramt enn det neste. Renta er jo framleis låg, så me får sjå...

Jone Lende har vakse opp på garden på Lende i Time og budd der heile livet. For femti år sidan bygde far hans nytt fjøs og for 110 år sidan gjorde farfaren hans det same.

–Dette fortalde eg i eit innlegg på Facebook og stilte samstundes spørsmålet: Kva tid blir det neste nye fjøset her på garden bygd, tru? Han ler.

–Så langt har ingen svart.

 

Kontakt oss

Kontakt en av våre salgskonsulenter på I-mek

Mer om driftsbygg

Se også:

DeLaval melkerobot: Service

Lene og Gaute Haugland er svært fornøyd med serviceapparatet til DeLaval, de kommer når de skal og etter behov når en ringer. Det er også betryggende å ha en fast kontaktperson som kjenner utstyret og drifta.

Repro og celletallsmåler

Med tanke på neste generasjon valgte Helge og Torill Sele å kjøpe ny melkerobot, og har nå både reproprogram, 3D-kamera og celletallsmåler i roboten. Helge og Torill driver melkeproduksjon med 540.000 liter i kvote.

Holdvurderingskamera

Arne Asbjørn Joa bygde nytt løsdriftsfjøs med robot i 2019. Han er glad de valgte holdvurderingskamera til roboten. Kameraet tar bilder av kyrne hver dag, de får god kontroll og kan dermed tilpasse fôringen til hver enkelt ku.

Påsett og speneleting

Tarald Magne Oma driver gård på Oma i Time kommune. Gården har vært i familien i 250 år. Han er veldig fornøyd med melkeroboten da den gir en fleksibilitet i hverdagen, og at roboten har en touch-screen som en kan lett ta med seg på nettbrett eller telefon.

Forbehandling av spener!

En vaskekopp med en nøye tilmålt blanding av luft og vann, sørger for at hver enkelt spene på kua blir vasket og stimulert før melking. Anne Kristine og Arnstein Røyneberg driver en produksjon med 750 tonn i kvote og har i tillegg over 70 ammekyr.

Planlegging: Nytt fjøs og robot!

Lene og Gaute Haugland har ikke sett seg tilbake etter de fikk en ny og fleksibel hverdag med robot og nytt fjøs på Fjermestad i Time kommune. Sammen med Thomas, salgskonsulent I-mek, fikk de bygget fjøset akkurat slik de ønsket - og klarte å holde budsjettet!