Ideell til fruktproduksjon

Det første - og so lenge det varer - einaste eksemplaret av JD-5075GL i Noreg, det finn me på Steinsland Gard i Hjelmeland kommune. Der hausta ekteparet Alexandra (27) og Erling Munthe (30) si første avling med moreller i år.

Vårt Felleskjøp Høsten 2021
Tekst: Bethi Dirdal Jåtun Foto: Anne Linn Olsen

Erling og Alexandra Munthe er svært nøgd med sin John Deere 5075GL.

Det unge ekteparet såg etter ein traktor som kunne komme til langs kantane av dei store tunnelane, der morelltrea blir sette opp etter UFO-metoden. Dette betyr at trea blir bøygde slik at dei veks vassrett, med dei fruktbærande greinene oppover langs loddrette pinnar.

Den einaste i sitt slag

– Dette gjer haustearbeidet mykje enklare og meir effektivt, forklarer Alexandra som viser oss korleis dei har bøygd og bunde morelltrea til metallstrengene som går i rekkjer frå den eine til den andre enden av tunnelen. Ektemannen sit bak rattet på den vesle John Deere-spesialtraktoren, som dei så langt er åleine om i landet.

Salskonsulent i Felleskjøpet Rogaland Agder, Magnus Lunde Bakka, fortel at han kom over spesialmodellen då han var på messe i Valencia for ei tid tilbake. Då han høyrde at Erling og Alexandra var på jakt etter ein traktor som både var smal og ikkje for høg, tenkte han med ein gong på denne.

Alexandra Munthe viser hvordan UFO-metoden fungerer i praksis.
Erling og a\Alexandra har hausta sine fyrste moreller i år.
John Deere 5075GL med plasttank til plantevernmiddel.

Både låg og smal

– Er dette den minste traktorutgåva som finst i John Deere-sortimentet?
– Om ikkje den minste, så i alle fall den lågaste, smiler Bakka.

– Og så er han smal, skyt Erling inn.
– Her i midten av tunnelen er det 2,4 meter mellom rekkjene og god plass, men på kantane er det 1,8 meter. Denne traktoren køyrer heilt ned til ei breidde på 1,3 meter, noko som gjer at me kjem til overalt.

Dei har først og fremst kjøpt spesialmodellen med tanke på gjødsling og spreiing av plantevernmiddel i morellproduksjonen, men Erling har óg planar om å bruke den vesle traktormodellen i «beitepussing» og røring og pumping av hevd.

Viktig med hytte

– Eit kólfilter sørgjer for at plantevernmiddel ikkje kjem inn i hytta, påpeiker Magnus Lunde Bakka - og legg til at han har avtalt med dei to unge fruktbøndene at traktoren kan lånast ut til messer og arrangement.

At det vart morelldyrking dei to unge bøndene skulle til med, var ikkje sjølvsagt. På garden der Erling er oppvaksen, har dei tradisjonelt drive med mjølk, sau og grasproduksjon. Men med naboar som driv stort innan fruktproduksjon, og eit vaksande og godt miljø blant fruktbøndene i Hjelmeland, var dei eigentleg ikkje i tvil. Støtta frå Innovasjon Norge var medverkande óg. Det vart frukt, men sauene har dei behalde.

Ein skal leve av gardsdrifta

Når alt er ferdig opparbeida, vil dei kunne dyrke moreller på til saman 13 mål. I vår planta dei på halvparten, i alt 1500 tre. 800 tre vart hausta i vår. Morellene selde dei sjølv.

Med to små gutar, Lucas og Liam, og jobb utanom gardsdrifta, har dei nok å henge fingrane i, men planen er klar:

– Me jobbar for at ein av oss skal kunne leve av gardsdrifta.
– Landbruket er viktig for bygdene, for kulturlandskapet og for landet vårt, påpeiker Erling.

Dei to ferske fruktbøndene har alt fått leverandøravtale med Bama.

– Dei hadde eigentleg leverandørstopp, men ein av dei eksisterande produsentane måtte slutte. Me fekk overta ikkje berre avtalen hans, men trea óg, fortel Alexandra.

Ein god fadder

– Heldigvis har me fått ein god fadder i Geirmund Helgøy, noko også Innovasjon Noreg sette som eit krav. Me lyt ha ein som lærer oss opp, ein me kan ringje til, drøfte ulike ting med og som me kan stole på. I tillegg kjem ein rådgjevar innom ein gong i månaden.

Og sjølv om sesongen er over for denne gong, betyr ikkje det at arbeidet stoppar opp på Steinsland Gard i Hjelmeland. Snart skal dei sprøyte trea mot sopp- og bakteriesjukdom. Så skal dei gjødsle litt ekstra, og etter kvart skal trea tynnast ut.

Mykje å gjere

Ein del av trea er enno ikkje bøygd og bunde opp, så det må óg gjerast. Og så snart det vårast, skal fleire tre i jorda.

– Neste år må me få med oss eit par-tre stykk i høgsesongen, gjerne skuleungdom, seier Erling.

Og sjølv om det er langt meir arbeid med trea enn det i alle fall Alexandra først trudde, gler dei to seg over å vere i gang - og ser allereie fram til neste sesong. 

 

John Deere 5075GL gjødslar og spreiar plantevernmiddel i morellproduksjonen.
John Deere 5075GL er smal og kjem til overalt.
John Deere 5075GL har kolfilter i hytta og hindrer at plantevernmiddel ikkje kjem inn.