Odelsjenta Irene Håland (20) frå Varhaug har drive med leiekøyring sidan ho var 16 og går heller ikkje av vegen for å stelle dyra, så sant ho er på heimlege trakter.

Vårt Fellskjøp høsten 2023
Tekst/foto: Bethi Dirdal Jåtun

Irene er over snittet interessert i maskinar og utstyr, med John Deere som ein soleklar favoritt. Til vanleg studerer ho til bachelor i agronomi ved Høgskulen i Innlandet, men akkurat no er ho heime på sommarferie - eller ferie og ferie:

–Eg steller i fjøsen og køyrer Fliegelvogn, steinhenter og Butterfly for kundane våre. Eigentleg gjer eg det som far plar gjere. Han har arbeid utanom garden, legg ho til.

MELHOLEN OG MASKINAR

Ho ristar litt på hovudet når me spør om dei driv maskinstasjon.

–Eg vil ikkje akkurat seie det slik.
–Kvifor ikkje? spør Lars Håland, som er salskonsulent traktor og redskap i Felleskjøpet og onkel til Irene. Han har oversikt over maskinar og utstyr på garden og ramsar opp: To traktorar, ein 6R 215 og ein 6-130R, ei grasvogn frå Fliegel, type ASW160, ein Butterfly 5087 MT frå Kverneland - 8,7 meter brei - ein Kivi Pekka steinhentar med breidde fem meter og til slutt frontmaskina, ein 3336-FT-modell med stengelbehandlar.

Alt av maskinar og utstyr er merka «Melholen» og telefonnummeret «908 53 327». Jaudå, onkelen har eit poeng, medgjer Irene.

MYKJE Å HENGJE FINGRANE

I Denne veka, når regnet endeleg har kome, er planen å vaske ned fjøset. Tanken freistar ikkje akkurat no, men så snart ho er i det, trivst ho med oppgåva, spesielt så lenge resultata er så tydelege.

–Før regnet kom, gjekk det i steinhenting og «mellomkøyring».

Lort har me óg køyrt og så har eg site pumpevakt, noko som er ganske kjedeleg - men nødvendig, legg ho til.

Garden som Irene har odel på, er på rundt 800-900 mål. 470 av dei er dyrka mark og 200 er beite. Dei mjølker rundt 370.000 liter i året og har i tillegg slaktegris med ein produksjon på 800-1000 dyr.

–Kva likar du best, dyra eller maskinane?

–Eg har tenkt på det, men det er vanskeleg. Eg liker beggje deler. Det er meir avslappande å køyre traktor, men for mykje køyring er heller ikkje bra. Eg trivst i grunnen med variasjonen.

ELSKAR Å KØYRE

Det var på ungdomsskulen at interessa for gardsarbeidet for alvor kom.

–Eg veit ikkje heilt kvifor, men det var truleg folka eg gjekk saman med som gjorde det, fortel Irene, som er eldst av fire sysken.

Traktorinteressa kom óg i denne tida. Ho byrja å køyre som 15-åring.

–Kva er det med traktorkøyringa du liker så godt?

–Traktorane er både fine og gode å køyre. John Deere, altså. Det er ikkje like gildt å køyre andre merke, ler ho der ho står dressa i John Deere frå topp til tå.

IKKJE MANGE SOM IRENE

Ho skil seg ut. Sjølv om likestillinga i dette landet har kome langt, er det ikkje mange jenter som køyrer traktor slik Irene gjer. I år som i fjor køyrde

ho på grasdemoen til Felleskjøpet på Klepp, og på 17. mai leda ho an traktortoget frå Horpestad i Time til Vigrestad i Hå, noko som ikkje hadde skjedd om ikkje det var for henne.

Den opprinnelege planen var at toget ikkje skulle køyrast i Hå, men stoppe i Time kommune. Takka vere Irene fekk dei mange håbuane i det over 200 traktor lange toget køyre på heimebane.

–Vi skal få det til neste år óg. Det er ein fest å sjå dei flotte, reine traktorane og køyre John Deere i bunad, smiler ho. Ein fest var det óg å reisa på «Golden Key» til John Deere-fabrikken i Mannheim i Tyskland saman med mor, far og eldste bror tidlegare i år.

–Når kundar kjøper traktor, hukar me av i systemet om dei ønskjer «Golden Key» og så er det fabrikken i Tyskland som kjem med dato og har opplegget, skyt salskonsulent Lars Håland inn. For Irene og familien var det ei stor oppleving å få sjå korleis ein John Deere blir til på fabrikken i Mannheim.

REISEPLANAR OG JOHN DEERE

tort blir det óg å leggje ut på reise etter at ho er ferdig med agronomistudiet neste sommar. Planen er klar:

–USA og Canada, smiler ho og får stjerner i augo.

–Draumen er å finne ein stor maskinstasjon i USA og få køyre ein av dei store beltetraktorane til John Deere.

FV. Anette Håland, Roy Kenneth Håland, JD representant, Irene Håland og Ragnvald Håland.

FV. Irene Håland og Lars Håland.

Andre artikkelkategorier: