Ny slåmaskin hjå Haugland Mjølk og Maskin!
Me har vore i Uskedalen i Kvinnherad hos Haugland Mjølk og Maskin og sett i gong to nye Kverneland slåmaskinar.
Tekst/foto: Gaute Risdal
I strålande sol og fantastiske omgjevnadar sette me i gong ein Kverneland 53100MT butterfly og ein 3336FT frontslåmaskin. Slåmaskinane vert montert på kunden sin John Deere 625R. Arbeidsbredden er på heile 10,2 meter - så slåinga gjekk unna i rekord fart.
Slåmaskinane er ISOBUS-styrt, med dei moglegheitane det gjer når det kommer til betening og automatisering. Butterflymaskinen 53100MT er levert med BX-belter som kan transportera graset inn i midten eller til sida, for å ranka graset utan raking. Å montera banda etter behov er utført på nokre få minutt.
Me gratulerer Haugland Mjølk og Maskin med nye slåmaskinar og takkar for handelen!
Meir informasjon om slåmaskinen finn du her